Tidslinje for svanhild

År

Arbeid eller hending

1889

”Svanhild” vert bygd som Hardanger-jakt (med ei mast) i Stangvik, nær Surnadal på Nord-Møre. Konstruktør: Jon Børve. Båtbyggjar: Jo Sjøtrø.

1926

Fartøyet vert omrigga til galeas, dvs. får to master.

1936

Demontering av hovudrigg og montering av ein 50 Hk Wickmann-motor.

1964

”Svanhild” grunnstøyter og søkk ved Tautra i Trondheimsfjorden. Heva og sett i drift igjen.

1975

”Svanhild” gjer sin siste tur som fraktefartøy og leggast i opplag. To privatpersonar i Kristiansund kjøper seinare båten for tilbakeføring til seglfartøy.

Påske 1983

Ni pesonar frå Florø med Oddbjørn Hovland og Berit Kjeldsberg i spissen overtek ”Svanhild” og Haugesund vert ny heimehamn. Sparebanken Sogn og Fjordane og Kystmuseet i Sogn og Fjordane kjem også til som medeigarar.

Våren 1985

”Svanhild” får heimehamn Florø og eit andelslag overtek båten. Restaurering til seglfartøy.

1985-88

Jordomsegling.

1989

”Svanhild” deltek i filminnspeling av Hamsun sin roman Landstrykere. Båten feirar 100-års jubileum.

1991

Slippsetting ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund for restaurering i samarbeid med Riksantikvaren.

Haust 94

Emne til nye master vert hogne ved Frønningen i Indre Sogn.

Juni 1995

Oppretting av Stiftinga Svanhild. Andelslaget overfører båten til stiftinga.

1995

Svanhilds Venner vert oppretta for å skape eit aktivt miljø for bevaring og bruk av ”Svanhild”.

September 1995

”Svanhild” til Norheimsund for ferdigsilling av restaureringsarbeidet.

Vår 1997

Tømrararbeidet på ”Svanhild” er ferdig. Skuta vert slept til Florø og fortøydd ved Furuholmen.

Vår 2000

Stormasta reist.

2001

Det meste av restaureringa er ferdig.

Des 2001

Riksantikvaren gjev ”Svanhild” status som verneverdig skip.

Nov 2003

Installasjon av to Perkins SABRE-motorar (á 182 HK)vert ferdigstilt. ”Svanhild” går for eige maskin for første gong på 12 år.

Sommar 2004

Fartøyet har mellombels fartssertifikat og går om lag 15 korte turar. ”Svanhild” seglar for første gong på mange år for eigen duk.

April 2005

”Svanhild” får fartssertifikat som opplæringsfartøy den 26. april.

Juni 2005

Deltaking på klippfiskfestival i Bergen. Dette er første lengre tur som nyrestaurert fartøy.

Sommar 2008

”Svanhild” deltek på Tall Ship Races på etappane ………………….

Sommar …….

Deltaking i Tall Ship Races på etappen ……..

Galleri

bildegalleri knapp

Følg Svanhild

ais knapp
Svanhilds venner: Benedicte Ulriksen Darski  Tlf: 411 27 290   -    Andreas Herland  Tlf: 904 07 418                fb