Om Svanhild

Svanhild ble bygd i 1889 på Nordvik i Surnadal på Nordmøre. Konstruktør Jon Børve og byggjar Jo Sjøtrø. Båten vart bygd for brødrene Ola og Johan Drøpping.

Skuta har vorte restaurert ved Hardanger Fartøyvernsenter i perioden 1991 til 1997. Det meste av skroget vart då skifta ut. Skroget og innreiing er no slik det var i 1889, riggen slik den var omlag 1925 (galeasrigg).

Nye segl er sydd i linduk av seglmakar Brodersen i Lyngør.Det er no installert 2 motorar type Perkins SABRE i Svanhild. Kvar er på 182 HK. Lengde skrog o.a. 76 fot + baugspryd. Breidde 21 fot. Djupne 8 fot. Tonnasje ca. 120 tonn. Byggemateriale furu.Original rigg: gaffelrigga jakt med ei pålemast. Storsegl (140 kvadratmeter), toppsegl, fokk, klyver, jager, skværsegl, breifokk.Totalt seglareal var omlag 400 kvadratmeter.

Svanhild blei rigga om til galeas omlag 1925. Seglarealet vart då noko mindre. Første motor, ein 50 Hk Wickmann, vart installert i 1936.

Fakta om jaktegaleas ”Svanhild”Byggeår: 1889
  • Byggestad: Stangvik, Surnadal på Nordmøre
  • 
Konstruktør: Jon Børve
  • Båtbyggjar: Jo Sjøtrø

  • Byggemateriale: Furu

  • Lengde: 76 fot + baugspryd
  • 
Breidde: 21 fot  Djupne:8 fot
  • Tonnasje: 57 brutto reg. tonn
  • Motorar: To stk Perkins SABRE, á 182 HK
  • Eigar: Stiftinga Svanhild, Florø
  • Reiar: Kystmuseet i Sogn og Fjordane
  • Rigg: Originalt gaffelrigga jakt med ei pålemast. Storsegl (140 kvadratmeter), toppsegl, fokk, klyver, jager, skværsegl, breifokk. Svanhild blei rigga om til galeas i 1926. Seglareal vart då noko mindre. Totalt seglareal er omlag 400 kvadratmeter.


Første motor, ein 50 Hk Wickmann, vart installert i 1936.


Fraktefart langs kysten fram til 1976, deretter rigga om og nytta som lystbåt. Jordomsegling 1985 – 1988.

I Stiftinga Svanhild si eige frå 1995.

Båten er no omlag som i 1889, riggen slik den var i perioden 1926-1936 (galeasrigg).
 
Utleige/turar: Svanhild kan tilby kurs av ulik type og lengde, til dømes: livet ombord i gamle dagar, fiske og fangst, kulturhistoriske turar, segling.

Galleri

bildegalleri knapp

Følg Svanhild

ais knapp
Svanhilds venner: Benedicte Ulriksen Darski  Tlf: 411 27 290   -    Andreas Herland  Tlf: 904 07 418                fb