BookingOm SvanhildKontaktGallerierSvanhilds venner
 
Booking
 
Svanhild kan leigast av firma, organisasjonar og privatpersonar, i tillegg til at det er høve til å delta på organiserte turar.

Bruken av Svanhild er meint å spegle gamle dagar. På dekk er det meste slik det var då båten vart rigga til galeas i 1925 - sjølvsagt med unntak av moderne hjelpemiddel til navigasjon og kommunikasjon.

Under dekk gjekk båten gjennom ei større modernisering i 2008. Vi har no køyplass til 26 menneske ombord, men er sertifiserte for 40 passasjerar (inkl. mannskap) på dagsturar. Forpiggen, med 6 køyer, er urørd, mens salongen er ombygd og har no 12 køyer og benker og bord der måltida kan inntakast. Største endringa har likevel foregått i byssa, som no har fått ein funksjonell gasskomfyr, flotte skap og benkar i eik og kaldt og varmt vatn. Vidare har vi to vassklosett og ein liten handdusj.

På Svanhild sine turar, som kan vere av ulike lengd, deltek alle ombord i segling og drift av båten. Det er tanken at den som er på tur med Svanhild, skal lære noko; anten det er snakk om å segle båten, livet ombord før i tida, navigasjon, sjømannskap eller kystkultur.

Svanhild er serifisert som opplæringsfarty. Det inneber mellom anna at vi ikkje har skjenkeløyve. For catering/matservering ombord sjå feks. under catering på www.floranett.no . Dei som tek imot booking kan og vere behjelpelige med å anbefale namn her.

Fokuset på ein tur med Svanhild vil vere opplevingar og samhandling. Vi har gong på gong sett at livet ombord sveisar folk saman på tvers av både generasjonar og kjønn, stand og stilling, og vi kan lage opplegg som passar for skuleklassar såvel som firma.

Minste pris er kr. 5000,-

For booking og priser henvender ein seg til Siv Rimmen, Kystmuséet, tlf 98 26 98 54, epost
siv.rimmen@kyst.museum.no


Velkommen ombord!



Nyheter
Tokt med Svanhild 2010
Flere nyheter
Søk på Svanhild
 
Kontaktinformasjon: Kystmuseet, Siv Rimmen tlf 57 74 22 33 Epost: siv.rimmen@kyst.museum.no.  Kontonr: 3775 20 16063. Webansvarleg: Cecilia Molander