BookingOm SvanhildKontaktGallerierSvanhilds venner
 
Historikk

Svanhild vart bygd som Hardanger-jakt på Nordvik i Surnadal på Nordmøre i 1889. Båten er 76 fot lang og 21 fot brei. Skuta gjekk i fraktefart, hovudsakleg med fisk og salt mellom Kristiansund og Lofoten.
 
Svanhild vart teikna av John Børve, bestilt av Johan og Ola Drøpping og bygd av Jo Sjøstø.
Som jakt hadde Svanhild ei mast og eit mannskap på 6 personar. Omlag ca. 1925 vart Svanhild rigga om til galeas, dvs. den fekk to master. Då vart segla mindre og lettare å jobbe med, og ein kunne no segle båten med fem personar. På midten av 30-talet blei det installert motor i Svanhild og den store riggen vart teken vekk. Svanhild heldt fram å gå i fraktefart langs kysten heilt til 1976.
Då vart skuta kjøpt av privatpersonar i Kristiansund, og meininga var å rigge båten om til  seglfartøy igjen. Dette prosjektet blei ikkje fullført, og i 1983 vart Svanhild kjøpt av Oddbjørn Hovland og Berit Kjeldsberg.
Etter eit kort opphald i Haugesund fekk båten heimehamn i Florø, og i 1984 vart det danna eit andelslag med fleire eigarar frå kystbyen. To år med restaurering og rigging gav frukter, og i perioden 1985-1988 var Svanhild på ei tre år lang jordomsegling.

Etter heimkomsten i 1988 gjekk eit par år med nokre leigeoppdrag, mellom anna til København og til Vågsberget for filminnspeling av Hamsuns "Landstrykere". I 1995 vart Stiftinga Svanhild oppretta og alle dei gamle eigarane overførte vederlagsfritt sine andelar til stiftinga.
 
Foreininga Svanhilds venner vart oppretta samstundes med stiftinga, og har som mål å skape eit aktivt miljø for bevaring og bruk av Svanhild. Venneforeininga står for aktivitetar, dugnader, møte etc. Alle som vil kan bli medlem i Svanhilds venner. Kontakt Ole Martin Bøhn tlf. 95 89 43 65 eller Kari Slettvåg tlf. 57 74 39 23.
I perioden 1991 til 2001 har Svanhild gjennomgått ei omfattande restaurering. Det meste av båten er skifta ut og gjenoppbygd ved Hardanger Fartøyvernsenter i åra 1991-1997. Den nye riggen er laga i Florø. Det omfattande restaureringsarbeidet er i hovudsak finansiert av Riksantikvaren, men også med god støtte i form av løyvingar frå Fylkeskulturkontoret, Sparebanken Sogn og Fjordane og Florø Kommune.
I samband med restaureringsarbeidet har Oddbjørn Hovland, som tidlegare tilsett ved Kystmuseet, utført eit grunding forskings- og dokumentasjonsarbeid på den type seglfartøy som Svanhild representerer. I perioden 2000-2005 har Kystmuseet v/ Trond Strømgren leia restaureringsarbeidet, og Svanhild vart sertifisert som opplæringsfartøy i april 2005. Svanhild framstår i dag som eit av dei mest autentiske restaurerte fartøya i Noreg.
Administrasjonen av Svanhild ligg under Kystmuseet v/fartøyvernleiar Berit A. Høivik,
tlf. 57 74 82 93 eller berit.hoivik@kyst.museum.no.


Nyheter
Tokt med Svanhild 2010
Flere nyheter
Søk på Svanhild
 
Kontaktinformasjon: Kystmuseet, Siv Rimmen tlf 57 74 22 33 Epost: siv.rimmen@kyst.museum.no.  Kontonr: 3775 20 16063. Webansvarleg: Cecilia Molander