BookingOm SvanhildKontaktGallerierSvanhilds venner
 
Svanhilds venner

Foreininga Svanhilds venner vart oppretta i 1995, samstundes med Stiftinga Svanhild, og har som mål å skape eit aktivt miljø for bevaring og bruk av Svanhild.

Venneforeininga står for aktivitetar, dugnader, møte etc. Alle som vil kan
bli medlem i Svanhilds venner.

Kontakt Ole Martin Bøhn tlf. 95 89 43 65.
Administrasjonen av Svanhild ligg under Kystmuseet.
 
 
Kvifor bli med i andelslaget "Svanhilds Venner"?
 
  • Vi arbeider kontinuerleg med vedlikehald og restaurering av eit viktig kulturminne for Flora - Svanhild.
  • Vi arbeider med å få ein permanent landbase i Florø Sentrum. Her er det aktuelt å dele kaiplass med Atløy. Ei slik løysing vil gi Florø sentrum ei skikkeleg ansiktsløfting!
  • Vi har hyggelege og humøfylte dugnadstreff på båten.
  • I paragraf 10 i vedtektene til andelslaget står det: "Styret for andelslaget kan avtale bruk av båten med Stiftinga Svanhild. Aktive medlemmer av andelslaget
    har fortrinnsrett til bruk av båten."
  • Blåtur eller bryllaup? Svanhild er ikkje ei skute som skal "vernast i hel". Ønskjer du å leige Svanhild til eit hyggeleg føremål? Det er mogeleg om du kontaktar oss i god tid.
  • Men viktigst av alt. Bli andelseigar rett og slett for at Svanhild skal få segle igjen!
Andelane i andelslaget Svanhild Venner kostar kr. 100,- pr. stk. Andelseigarane har ikkje økonomisk ansvar. Andelslaget set ingen krav til aktivitet frå andelseigarane
(men bli gjerne med ein dugnadskveld).
 
Styret har bedt om at kontonummer til Svanhild vert lagt ut.
Dette m.a sidan mange ønskjer å gje ei gåve til båten. Kontonr: 3775.03.14490
Hovudmålet til Stiftinga Svanhild og Svanhilds Venner er klart
- Svanhild skal segle som i gamle dagar!





Nyheter
Tokt med Svanhild 2010
Flere nyheter
Søk på Svanhild
 
Kontaktinformasjon: Kystmuseet, Siv Rimmen tlf 57 74 22 33 Epost: siv.rimmen@kyst.museum.no.  Kontonr: 3775 20 16063. Webansvarleg: Cecilia Molander